Åpningstider

Vi har nå åpent.
mandag - fredag 07:45 - 15:45
lørdag - søndag Stengt

Kontaktinfo

Adresse:
Parkvegen 4
6852 Sogndal
Telefon:
57 67 77 87
E-post:
sogndal@colosseum.no

Velkommen til
Colosseum Sogndal

Sogn Tannhelsesenter vart frå januar 2016 ein del av Colosseumklinikken AS.

Klinikken vart etablert i 2004 og ligg i Sogndal sentrum med gode mulegheiter for parkering.

Klinikken består i dag  av fire tannlegar, tannpleiar og eit assistentteam på 7 erfarne medarbeidarar.

Klinikken har eit breidt behandlingstilbod. Me tilbyr fyllingsterapi, krone/bru-behandling (også avanserte kasus), rotfyllinger og tannkjøtbehandlinger. Me tek hand om kompliserte rotfyllingskasus med mikroskop, og tek imot henvisningar frå heile fylket.

Me har Wand-system for smertefri bedøving. Klinikken har også to Cerec-maskiner og kan lage ferdig kroner på dagen.

Klinikken har godkjenning for protetisk implantatbehandling med refusjon frå Helfo. For å kunne gje deg som pasient eit totalt behandlingstilbod innanfor implantatbehandling har me knytta spesialist i oralkirurgi Mats Hellman til oss. Det betyr at heile behandlinga kan gjennomførst ved klinikken – med eventuell refusjon.

Klinikken tilbyr også kirurgisk fjerning av visdomstenner, rotspissamputasjoner, sinuslift o.a.
Me ynskjer faste og nye pasienter velkomen til tannbehandling hjå oss!

Heimesida er under utarbeiding. Inntil vidare kan du gå inn på eksisterande heimeside for Sogn tannhelsesenter for meir informasjon.

http://www.sogntannhelsesenter.no/

Tannleger / Spesialister

Klikk her for å se en oversikt over ansatte i denne klinikken.